Konradløpet 2019: Menn-kvinner 156 -153

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2019

I 2018 synte
påmeldingstala for tilsvarande løp 175 kvinner/jenter og 159 menn/gutar.

Påmeldingstala for 2019
viste 153 kvinner og 156 menn. Så å seie likt.

Konradløpet er meint å
vere eit lågterskel-tilbod. Og noko av det mest gledelege etter 18 år er
oppslutninga mellom kvinner.

Ein skal ikkje gå så fælt mange år tilbake
– til Sykkylven halvmaraton si glanstid – då kvinnedeltakinga låg på eit heilt
anna nivå. Rett nok var det snakk om halvmaraton, pluss eit mosjonstilbod på 11
kilometer, men den gongen tykte ein det var gode tal om kvinnedeltakinga kom
opp i 10 prosent.

Og studerer ein
resultatlista finn ein 43 kvinner mellom dei 115 som har fått registrert tider.

Fotoet viser russiske Oxana Trofimchuk Rusten
(bur i Sunnylvsbygda) i hyggjeleg prat med Oddrun Eidem frå Sykkylven. To
flotte representantar for dei 153 «jentene» som var i aksjon