Konradløpet: 13-åring sprang på 16.51

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2019

Det vert ikkje ført alders-rekordar
i Konradløpet sitt statistiske materiale, men 1.mai 2019 gjorde ein 13-åring
noko ingen har gjort føre han. Jakob Fet Vindenes vart nummer fem totalt, på
den framifrå sterke tida 16.51. Vi tør garantere at ingen 13-åring tidlegare
har sprunge så fort.

Kven er så denne Jakob Fet Vindenes…?

Det er ikkje fælt mange dagane det var bilete av han på VIL-Nett. Då
som alpinist på Strandafjellet, der han representerer Spjelkavik IL. For å
plassere han trygt for lesarane våre nemner vi at besteforeldra er Grethe og
Odd-Kåre Fet. Mora er Kjerstin Fet.
 Tidlegare
solid fotballspelar for VRF, og ho har sjølv sprunge fort i Konradløpet, med ei
bestetid på 19.55

Men det var ikkje berre
Jakob i slekta som slo til. Grethe og Odd-Kåre hadde heile seks borneborn inne
på lista over beste tredjedelen – dei som kom på resultatlista. Her er heile
rekkja:

16.51: Jakob Fet Vindenes

18.16: Martin Flatabø Fet

21.23: Vetle Fet Sortevik

23.19: Vilde Fet Ramsdal

24.07: Nikolai Flatabø Fet

26.29: Eirik Fet Ramsdal

I tillegg hadde dei
sigersonen Petter Sortevik inne på 25.11

Vi kan ikkje seie anna enn
at det skjer mykje godt rekrutteringsarbeid av personar med opphav frå Jogarden
på Fet.