Stolvinnaren Simret frå Eritrea

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2019

Konradløpet har siste 5-6
åra vore prisgjevne med kvilestolar frå IMG. I fjor vann Hanne Søvik stolen.
Meininga var at ho skulle få vere årets stoltrekkjar. Men då ho ikkje var
tilstades då tilbodet kom, fall valet på Simret frå Eritrea. Ein kar med ganske
kort fartstid i landet vårt, men òg ein kar som kunne springe - til liks med
mange andre frå dette landet. Simret sprang nemleg Konradløpet langt ned på
19-talet i vanleg dogeribrok.

I bollen låg 309
nummerlappar. Frå 1 til 309. Simret gjorde det kunststykket og trekkje
nummer226. Hans eige nummer til stor åtgaum frå ein fullsett grendahussal. Så
er det berre å håpe at Simret ikkje vert liggjande i stolen. Med litt trening
kan han bli ein stor suksess i komande konradløp.