Konradløpet: Kvar er svenskane….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2019
Det er dei mørkhuda som spring best. Også i Konradløpet. Ebrahim Abdulaziz frå Eritrea har rekorden på 13 minutt og 30 sekund. Glitrande sprunge, men så er han også norsk meister i maraton, og medlem i Strindheim IL. To gonger har Ebrahim vunne Konradløpet.
Beste norske, Knut Anders Hatlen, har gjort unna løypa på 14.48. Pernille Ibsen Lervåg er beste danske med 17.34 (nest beste kvinnetid).
Stormaktene i verda har funne Konradløpet i Velledalen interessant. Russland har vore her ved Olga Sørensen (20.34). Likeså Tyskland ved Martin Lotz (22.07), England ved Victor Scattergood (22.16) og Amerika ved Chris Aggerholm (24.09).
Men kvar blir det av svenskane.? Har nokon høyrt om den svenske rekorden….? Jaudå, svenskane har vore på Brunstad dei også. Ein kar ved namn Joakim Mårtensson er registrert med tida 24.48 – som er svensk rekord. Sidan altfor få svenskar har delteke, ynskjer vi naboen vår i aust spesielt velkomen 1.mai klokka 05.00. Heia Sverige!!