Retting: Hilde RT vart beste kvinne i Konradløpet 2007!

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2019

For ikkje lenge sidan
hadde vi ei oversikt over tidlegare vinnarar av Konradløpet.

 For kvinneklassa sin del hadde det snike seg
inn ein stygg feil. Vi skreiv at Ragnhild Fjærestad vann i 2007, men det rette
skal vere at Hilde Riksheim Tandstad vann dette året. På det som den gong var
ny rekord, 18.46.

Når vi så skreiv at
Ragnhild Fjærestad hadde fem sigrar, Nils Terje Skylstad fire og Hilde Riksheim
Tandstad tre, må dette sjåast på som «fake newes». Det rette skal vere:

Ragnhild Fjærestad: 4
sigrar

Hilde Riksheim Tandstad: 4
sigrar

Nils Terje Skylstad: 4
sigrar

Ingen av dei tre er
vinnarkandidatar i Velledalen 2019, men vi trur Hilde kan «ekspedere»
eventuelle nordlendingar som måtte prøve seg i TromsøKonrad!