Det ligg an til GöteKonrad i 2019!
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2019
Han er elles ein av dei ferskaste medlemmane i Velledalen IL. Kanskje er ikkje tilknytinga til idrettslaget enkel å sjå, så den skal vi prøve å forklare her.
Han er god ven av bror til VIL-kasserar Henning, altså Tomas Tandstad – med same namn som bestefaren og Konradløpet sin eldste deltakar gjennom tidene. Endre var i den vakre bygda vår i bryllaup i fjor, då Tomas gifta seg med si Ingrid ved Ungdomshuset Vaarvon. (Ja, du las rett. Historia gjentek seg!) og har litt tilfeldig på denne måten blitt ein trufast følgar av Velledalen IL i sosiale medier.
Ein dag i byrjinga av april fekk Henning spørsmål frå Endre om «kven Konrad var» etter at aktiviteten rundt Konradløpet var aukande. Konseptet er som kjent; 4,5 kilometer, klokka 05:00 om morgonen 1. mai, til ære for Mons-Konrad, og at det har vore arrangert andre stader på kloden samtidig som hovudløpet.
Endre vart fasinert av tanken. Det var nok til at han meldte seg inn i VIL, og spurde om løyve til å arrangere noko tilsvarande i Göteborg, sjølv om det kanskje ikkje blir så mange fleire deltakarar enn han sjølv og sambuaren Marie.
Sjølvsagt fær du lov til det, Endre!
Neste år, i 2020, når Konradløpet fell til ein fredag, håpar han å få til ei longhelg på Sunnmøre saman med Marie, Ingrid og Tomas, og ta del i hovudløpet i Velledalen.
Vi ønskjer lukke til med gjennomføring av Konrad-arrangement i Göteborg!