Konradløpet 2019: Ingen over 80 år påmelde

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2019

Mellom desse sju var Anny
Bjørke einaste debutant, og det var også ho som var raskast ute med påmeldinga
av dei over 80 år.

   Dei seks øvrige var namn lokale folk vil nikke
attkjennande til, nemleg Kjellaug Ulset, Magnhild Hole, Paul Hole, Ingebjørg
Hole, Jon Holmberg og Magnus Ødegård.

Det har vore vanleg at
alle over 80 år vert henta fram på scena under premieutdelinga, for litt skryt
og ei lita premiegåve. Slik har arrangøren lagt opp til at det blir også i 2019.

Med dette vert alle over
80 år ynskt ekstra velkomne til årets Konradløp.

PS. Til orientering så
vart Kjellaug Ulset i 2018 fyrste kvinne over 90 år som har fullført
Konradløpet. På herresida er Tomas Tandstad åleine om tilsvarande prestasjon.
Vi minner om gratis deltaking for alle 90 år og eldre.