Nær 27 000 fullførte Boston Maraton 15.april
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2019
15.april vart Boston
Maraton arrangert for 123.gong. Av dei 26 632 fullførande var 41 nordmenn.
Mellom dei norske finn ein namna Leon Aurdal og Martine Aurdal. Tek vi ikkje
mykje feil er dette far og dotter, ein far som voks opp i Sykkylven og var ein
habil forballspelar i unge år.
5.14.58 vart tida til
Leon, nummer 13 915 av alle menn i løpet. Martine brukte 4.37.10.
Begge heilt sikkert ei
minnerik oppleving rikare. I alle fall bleiknar Konradløpet med sine 300
startande i samanlikning.