Jakob i farta
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2019
Jakob Fet Vindenes har hatt fin framgang i alpint denne sesongen, der
han køyrer i klasse gutar U 14 år. Det har vorte fleire pallplassar i lokale
renn.
Under KM var han uheldig i 1.omgang og vart diskvalifisert, men leverte
ein god 2.omgang, der han køyrde ned til tida 52.84. Fjerde best i klassa.
Rennet talde med i den lokale kretscupen, Sparebanken Møre Cup. Her kjempa
Jakob om 3.plassen i klassa, men frykta den kunne ryke, noko han ville få svar
på under premieutdelinga dagen etter.
Heile familien Fet Vindenes var i aksjon på laurdag. Mor og far som
støtteapparat, medan bror Isak Fet Vindenes tok seg til mål på ein flott
3.plass i klasse gutar U 12 år. Isak hadde 2.plassen inne, men den glapp med
mindre enn sekundet i andre omgang. Og i klasse gutar U 8 år var
purunge Magnus Fet Vindenes i aksjon. Han tok seg ganske så problemfritt til
mål i begge omgangar. Han har framtida føre seg.
Så kan ein lure på kor
mange deltakarar idrettslaga i Sykkylven kommune hadde i dette rennet….? Svaret
er diverre NULL. Men der var i alle fall tre med mor frå Velledalen, frå
Velledalen sitt alpin-Mekka til og med, nærare bestemt frå Fet. Og på ein dag
som denne kan det vere verdt å nemne at Velledalen IL sin fyrste kvinnelege
bygdameister i alpint kom derifrå. Ho heitte Margit Fet, året var 1951, og 16.
april fyller dama 90 år.