Trolldom i Florø
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2019
Under Nyttårsmaraton i
Ålesund, ein av siste dagane i desember 2018, sprang Alf Petter Bøe halvmaraton
på 1.26.28. I eit løp der han hadde god «pæs» det meste av vegen.
6. april ville Alf Petter
prøve eit nytt halvmaraton. Valet fall på Florø. Dagen før løpet vart det gjort
eit kort intervju med VIL-Nett, der Rindal IL-løparen sa fylgjande: - Målet er å springe minst like fort som
under Ålesund Nyttårsmaraton.
Laurdag klokka 13.00 gjekk
starten i Florø. Klokka 14.26.28 kryssa Alf Petter mållina etter eit løp der
han sprang åleine dei siste 18-19 kilometerane. Tida hans i Florø vart altså
1.26.28. På sekundet det same som i Ålesund. Her må det ha vore trolldom inne i
biletet…..
Totalt vart Alf Petter
nummer fire av 20 fullførande menn på halvmaraton. I klasse 50-54 år var han i
ei eiga klasse:
1. Alf Petter Bøe, Rindal
IL, 1.26.28
2. Rolf P. Pedersen, Florø
CK, 1.46.15
3. Roger Nygård, Nygård
Toppidrett, 1.47.05
4. Emsud Dzelatic, Florø
CK, 1.49.20
5. Stein Kjetil Holvik,
Florø Tog IF, 1.54.52
6. Hans Magnar Hansen,
Førde IL, 1.57.06
7. Rune Horgen, Florø CK, 1.58.29
8. Kai Kvalsøren, Luster
Telemark, 2.05.25
Uansett, ein prestasjon å
merke seg for juryen som får ansvaret for prisane som skal delast ut for
idrettsåret 2019.