Seks VIL-løparar med i Vårdilten
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2019
Vårdilten vert arrangert i
Ålesund, er 4,3 kilometer langt, og går stort sett i det ein kan kalle lett
terreng. Tidene er nokså like det ein vil finne i Konradløpet, der løparane
grovt rekna vil bruke ca 30 sekund meir enn i Vårdilten.
Her er resultat til VIL sine løparar:
16.11: Frode Mauren - nummer tre i klasse M 45-49 år.
17.10: Henning Tandstad - nummer fem i hardaste klassa, M 23-34 år.
18.30: May Evy Nesheim - vinnar av klasse K 40-44 år. Flott VIL-debut!
18.37: Svein Arne Nakken - nummer tre i klasse M 50-54.
18.49: Sivert Mosby Nakken
– vinnar klasse M 16-17 år.
25.45: Olaf Einar Øien - nummer to i klasse 75+.
KOMMENTAR:
Som venta var Frode raskast av våre. Han persa med over minuttet, men var
likevel ikkje heilt nøgd. Henning Tandstad gjorde eit sterkt løp som relativt
fersk løpar, og BØR vere særs nøgd. Tida viser at han greier 17-talet i
Konradløpet. May Evy visste vi var sterk, og vert eit flott supplement til
Radka, Pernille og fleire andre her på Sunnmøre. Svein Arne Nakken sprang over
all forventing, og fjør i hatten for at han denne gongen slo sonen Sivert på
rutina mot slutten av løpet. Sivert bør ha som mål
å spurtslå Svein under Konradløpet. Og kjekt
å sjå at superveteranen vår, Olaf Einar, held koken. Tenk å ha helse og ork til
å stille til start i ein alder av snart 76 år!
Så nokre ord om gode naboar:
17.15: Bjørn Arve Brune - klassevinnar M 55-59 år.
17.49: Fridtjof Fredriksen
– nummer to i klasse M 50-54 år
23.09: Irene Mork – nummer
to i klasse K 40-44
KOMMENTAR:
Bjørn Arve Brune trur vi var einaste strandar i feltet, men ein god strandar.
Fridtjof Fredriksen er inne i sitt siste år som utøvar for Sykkylven IL, og det
ser ut til å bli eit godt år. Irene Mork var eit gledeleg namn å sjå på
resultatlista. Ho er søskenbarn av VIL sin tidlegare doble KM-vinnar i langrenn,
Stian Mork. Tida hennar var så god at ho kan ha håp om å sjå 23-talet om ho
stiller i Konradløpet, og då slår ho om lag 200 løparar.