VRF stig opp av dvalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2019
Bård Erstad og Einar Fet kan berre rekne med korte innhopp når VRF restartar i 2020
Fotballen i
Sykkylven fekk to sider spalteplass i Sunnmørsposten sitt fotballmagasin som
kom ut før helga. Her gjekk det fram at FK Sykkylven og SIL fotball ganske
sikkert står som ei eining når 2020-sesongen tek til.
Innhaldet i
fotballmagasinet fekk den gamle «storheita», VRF (Velledalen og Ringen
Fotballag) til å vakne. Etter hektisk møteverksemd med Velledalen IL, er det
klart at også VRF er tilbake på det lokale fotballkartet i 2020 – med eit
seniorlag for herrar i fyrste omgang.
I
Sunnmørsposten sitt fotballmagasin er Svein Arne Nakken sitert med fylgjande:
-
Dersom
noen klarer å blåse liv i VRFs A-lag igjen, så skal eg bli både sportslig leder
og oppmann i klubben.
Og Svein slapp
vente lenge. Etter det VIL-Nett kjenner til skal Svein no dele desse
funksjonane med Arve «Hurtigruta» Eggen. Vidare veit vi at strandaren Martin
Espelund har teke på seg å vere spelande trenar.
VIL-Nett har
spurt Svein Nakken:
-
Kva
med spelarar, vert det ikkje vanskeleg å skaffe det…?
-
Det
trur eg ikkje. Når Fjørtoft – som nærast er ei avfolka øy – greier stille lag,
må vi kunne greie det. Og Velledalen IL greier år etter år å stille 15 mann i
Holmenkollstafetten….gjer dei ikkje?
-
Nei,
dette skal vi kjekt, eg gler meg som ein unge, seier Svein som ikkje har sett
seniorfotball i Sykkylven kommune sidan året 2002 i fylgje Smp sitt magasin.
Eit viktig
moment til, ropar den komande sportslege leiaren:
-
Vi
har gjort ein avtale med VRF-trenaren frå 1981, Per Rich Hunstad, om å vere
scout (speidar). Han har stort nettverk lokal, nasjonal og internasjonalt.
Dessutan kjem vi til å ha betalte, spelande hjelpetrenarar som Thomas Fure
pluss brørne Bengt og Bendik Hole Alnes som er «local lads». Økonomien i den
nye klubben er nemleg særs god.
-
Får
vi sjå dei gamle klubbkjempene Bård Erstad og Einar Fet på bana..?
-
Neppe,
eg trur begge har gått skadde i mange år. Det må i så fall bli korte innhopp.
Om målsetjinga
til VRF er Svein Nakken klokkeklar:
-
Vi
tek sikte på å vere beste kubben i Sykkylven i 2021. Og når den biten er på
plass kjem vi på bana med ei kvinnelag.
-
Og
alle kampane vil gå på naturgras på Dalemyra og Slettegjerde. Så får berre FKS/SIL
halde seg på kunstgraset på Aure. At VRF startar opp att vil bli eit enormt
løft for Velledalen og Straumgjerde. Faktisk for fotball-interessa i heile
bygda. Her er det berre å byrje gle seg til våren 2020. Då skal vi konkurrere,
seier eldsjela som hatar Rosenborg og Vålerenga, men elskar VRF!