Gledens dag: Endeleg ein gutehoppar i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2019
I Sykkylvsbladet kunne ein
i dag lese at Ståle Ødegård vert 60 år om få dagar. Han var Velledalen IL sin
siste gutehoppar. Hoppskiene la han på hylla kring i fyrste halvdel av
1970-talet (tippar 1973).
Mange år seinare fekk vi
veteranhopparen Jan Ringseth i rekkjene våre, med sterke prestasjonar i mange
veteran-renn, også internasjonalt. Jan har medaljar frå veteran –VM i hopp i
ulike land.
Men lengste ståande skihoppet
levert av ein hoppar som representerte Velledalen IL i konkurranse, er det
Magnar Fet (91) som har. Han hoppa 53 meter i Hornindal på 1950-talet.
Med andre ord; det er
kring 45-46 år sidan sist Velledalen IL hadde ein gutehoppar. Då kan vi ikkje
anna enn kalle det ein gledens dag, at Jonny Mauren denne helga representerte
Velledalen IL under eit plastrenn i Spjelkavik. Jonny vann klasse gutar 11 år med hopp på
16 meter i 1.omgang og 15,5 i den andre. Stilkarakterane låg mellom 12 -13.
Flott gjort, Jonny, og vi reknar med juyren til neste Idrettsgalla merkar seg
dette!