Konradløpet 2019: Hovudpremien er klar

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2019

Konradløpet - der farta
ikkje er det viktigaste, heiter det. Og når hovudpremien for løpet skal
trekkjast mellom samtlege deltakarar, har ein dekning for det. Om ein har brukt
15 minutt, 23 minutt eller 45 minutt spelar lita rolle. Alle deltakarar som har
betalt startkontingent er med i trekninga. Og premien er ikkje akkurat liten.
Ein flott kvilestol med skammel frå Ekornes IMG. Ein stolt premiesjef, Odd-Kåre
Fet, har alt henta årets hovudpremie.

Vi oppmodar alle om å gjere
som fjorårets stolvinnar, Hanne Søvik. Ho har alt meldt seg på, og gir såleis
livet eit løft - i gryotta 1.mai.

PS.

1.mars trekte vi premie
for rask påmelding. Den gjekk til Hannah Velle

1. april er
påmeldingsfristen for å bli med i neste trekning. Du rekk den.