Konradløpet 2019: Fyrste «Konraden» trygt på lista.
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2019
arkivfoto
Sjølv om Konradløpet er
gratis for alle som heiter Konrad, har vi aldri vorte ned-rende av utøvarar med
dette namnet som vil delta. Så langt i 2019 er Jarle Konrad Fausa åleine på
påmeldingslista som er kvalifisert til gratis-deltaking. Fausadalingen stiller
til start for 12. gong når startskotet smell på Brunstad 1.mai klokka 05.00.
Arrangøren
oppmodar fleire «Konradar» til å melde seg.
Den andre grupperinga med
gratis deltaking er personar 90 år og eldre. Førebels har vi ingen slike på
startlista. Og vi har berre hatt to under dei 17 tidlegare løpa, nemleg Tomas
Tandstad og Kjellaug Ulset.