Ny utsetting av cuprenn/bygdameisterskap.
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2019
Vêrgudane er ikkje
sympatiske for tida, slik at arrangørane melder om ny utsetting.
-
Vi gjer eit nytt
forsøk 6. eller 7. april, melder langrennsleiar i Velledalen IL, Svein Arne
Nakken.
Og då bør det nok helst
bli laurdag 6.april, for sundag 7. april er det meininga å arrangere Tomasløpet
i Straumgjerde. Om forholda tillet det.
Men slik vêret har vore
siste tida er det berre å vente på klarsignal, men 100 prosent sikkert; INGEN
SKIRENN DENNE HELGA (30. ELLER 31. MARS).