Lovande opningsrenn i skiorientering
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2019
Fotoet syner familien Tronstad i aksjon med Eira i front.
Truleg vert det ikkje
fleire renn denne sesongen, men «jomfru-rennet» i skiorientering på Sunnmøre - arrangert på Fjellsætra sundag 17.mars – vart vellukka.
Begge primus motorane - Audhild frå Emblem IL og Pernille frå Velledalen IL – var nøgde. Det same var
dei 32 deltakarane i ulike aldrar. I tillegg til «klasse kort løype» og klasse «superkort»,
hadde dei yngste ei såkalla rakettløype.
I klasse kort løype hadde
Vilde Årøen Lykke frå Emblem IL best tid med 19.42. Like bak kom klubbkamerat
Fredrik Idland på 20.15.
I superkort løype var
Linda Teigene raskast med 16.49. Nærast henne kom Tobias Ibsen Lervåg som var
best frå Velledalen IL med 22.06
Mest uheldige deltakar var
Sivert Nakken. Han måtte bryte etter skibrot.