Polen nasjon nummer seks i Konradløpet 2019
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2019
arkivfoto
Robert Rakoczy er ingen
nykomar. Årets Konradløp vert hans 8. i rekkja. Robert er elles kjend for at
han vart fyrste utlending som vann ein av Velledalen IL sine trimpostar. Det gjorde
polakken då han for nokre år sidan hadde flest turar i skogsvegen Hjorthol.
Robert Rakoczy har elles
ved fleire høve delteke i Nibbemarsjen i Geiranger.
Påmeldingslista til årets
Konradløp syner hittil deltaking frå desse nasjonane:
Jamaica
Litauen
Tsjekkia
Slovakia
Polen
Noreg
PS: Ny premietrekning
mellom alle påmelde før 1. april – meld deg på du også!
Påmeldte ser du her