VIL med jubilantar og debutant i Birken

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2019

54 kilometer frå Rena til
Lillehammer med pakning på ryggen er ei kraftprøve, nær sagt uansett vêr og
føre. Velledalen IL sine tre utøvarar i 2019 er nok ekstra spente. Olav
Brunstad og Svein Arne Nakken er begge jubilantar, då dei deltek for 25. gong.
For Svein kan det endå til verte dobbelt-jubileum. Går alt etter planen tek «Gyls-Svein»
sitt 20. merke i rennet.

I motsett ende har vi
Anders Wigdahl frå Osloavdelinga. Han er debutant, men ikkje mål-laus.
Merkekravet i klasse 30-34 år er den slutt-tida han ynskjer halde seg innanfor.

Deltaking frå ulike
sunnmørsklubbar:

17 frå Volda

15 frå Emblem 9 frå Valldal 5 frå Sykkylven (Evy A.Ekornes, Jan-Even
Sandal, Fridtjof Fredriksen, Jan E. Årnes og Bert W) 4 frå Ørsta 3 frå Hovdebygda, Skodje og Velledalen 2 frå Stranda, Geiranger og Stordal

Størst frå Romsdal:

12 frå MOI

10 frå Skaret Skiforening

Våre tre løparar startar
slik:

08.25: Svein Arne Nakken
går ut i pulje tre med startnummer 2159

08.30: Anders Wigdahl går
ut i pulje fire med startnummer 2819

09.10: Olav Brunstad fyk
ut frå start i pulje ti med startnummer 5765

Hald deg oppdatert på
korleis det går på VIL-Nett laurdag føremiddag