Håkon Fedt har passert 40

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2019

arkivfoto
Håkon Fedt har lang
teneste i Velledalen IL. Både som aktiv utøvar og med omsyn til verv. For tida
sit han som styremedlem i hovudstyret. Der han siste åra har hatt ansvaret for «rigging»
både i samband med Konradløpa og Førjulsmessa. Med Håkon som bas veit vi at
arbeidet vert plikttru utført.

Han er elles oppteken av
løypenettet på fjellet, der han særleg brenn for området «Nøkkane», og skiløype
der. I statistikken for Konradløpet finn vi at Håkon har delteke 15 gonger (av
17 moglege). Bestetida hans i løpet er 17.02 frå 2004. Av og til hiv han seg
med i motbakkeløp, og han har vore mellom toppane på trimposten «Høgsætra Fet». Den tida Fetvatnet Rundt vart arrangert,
la Håkon ned ein stor innsats for nettopp det arrangementet. Og han har vore
VIL sin mann i samband med «Dalaråsa-prosjektet», der han mellom anna var med
på bru-bygging over Juv-elva saman med Torgeir Vikstad.

Håkon har vore – og er - ein god mann for Velledalen IL

Rause gratulasjonar til
Håkon med vel overstått 40 års dag frå idrettsvener i Velledalen IL!