Aldri så liten sensasjon i siste løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2019
Olaf dreg seg mot 76 år,
men det hindra han ikkje å levere karusell-beste for vinter-sesongen. Han opna
med to løp på 29-talet før jul, før han følgde opp med to løp på 30-talet etter
nyttår. At han 2.mars avslutta vinterkarusellen med 28.15, må nærast omtalast
som ei lita bombe. Ei gledeleg ei, føyer vi til.
Olaf vart som mange andre
i VIL premierte laurdag for tre løp eller meir. Superveteranen vår gjorde desse
tidene under vinterkarusellen 2018/2019:
29.36 – 29.32 – 30.33 - 30.13 – 28.15