Frode frå 39.57 til 38.37 i vinterkarusellen

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2019

Frode Mauren opna det
fyrste løpet i Ålesund vinterkarusell hausten 2018 med ny personleg rekord. Han
smaug seg så vidt under 40 minutt, då arrangøren klokka han inn til 39.57. Same
dag sprang den sterke nordmøringen, Are Uran, mila på 37.20.

Så hoppar vi til karusell-løp
nummer fem, eit knapt halvår seinare. Då kjem Frode og Are side om side 200
meter før mål, og dette skjer:

Frode sjaltar ned og gir
flat pedal. Han legg seg ut, men ensar ikkje at pulsen hamrar. Han legg Are bak
seg. To sekund seier arrangøren. Det som var utenkjeleg

   i oktober 2018 vert altså røyndom 2. mars 2019.

Her er Frode Mauren sine
karusell-tal. Ny personleg rekord i fire av fem løp gir meirsmak både for
utøvar og klubb:

39.57 – 39.24 – 38.57 - 39.08 – 38.37 – utan tvil eit godt «kjøp»!