Merkedag for Sivert i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2019
På ski er framleis Svein
Arne Nakken «kongen» i familien. Men på fleire og fleire felt må han tole at
tvilling-sønene passerer han.
Fyrste greina han måtte
abdisere frå trona i, var
orientering.
Det skuldast ikkje kapasitet, men ein noko vanskeleg krattskog på Emblem.
Tidlegare har Andreas Mosby Nakken tukta han i «vanleg» springing, i går var
turen komen til Sivert. Under Ålesund vinterkarusell, distanse 5 km.
Tenåringen skaffa seg
snøgt ei luke på faren. Etter dryge kilometeren prøvde friidrettsleiaren og
mane gamleguten til kamp:
-
E he`kje sjans, lydde
det kortfatta svaret.
Vel, vel, etter 2,5
kilometer var det vending og retur mot mål. I siste langbakken, ein dryg
kilometer før mål, var Svein komen litt nærare Sivert. Ikkje mykje, men håpet
var der, om enn ganske lite. Men Svein kan disponere løp og pressa seg heilt
opp i ryggen på sonen før spurten. Oppe og snusa på «trona» for siste gong. Forbi
kom han nemleg aldri. Arrangøren gav Sivert 21.55, Svein 21.56.
-
Eg hadde full
kontroll og kunne slege han meir, sa Sivert til VIL-Nett etter målgang.
Svein tok ikkje tapet
særleg tungt. Han gledde seg over sønene sin framgang, og at han igjen fekk
oppleve å sjå 21-talet. Det hadde han nemleg ikkje sett sidan 1.løpet i
vinterkarusellen, og var provet på at han trass alt hadde gjort eit solid løp, til
53-åring å vere.