Familien Fløttum Fauske til Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2019

Mor Marianne har fleire gonger markert seg under Tomasløpet i Straumgjerde. Far Øystein
vart seinast sist helg nummer tre under tredje rennet i TELENOR/FjellsæterCup 2019. Borna
med Johan (10) som eldstemann har alt markert seg, mellom anna under Barnas
Fjellsæterrunde.

Laurdag 2.mars fekk Johan Fløttum Fauske debuten sin under siste løpet i Ålesund
vinterkarusell 2019. Mor Marianne var med for tryggleiken sin del. Enno held ho fylgje med
sonen, men vi kan garantere at det vert ikkje fælt mange år til, med mindre ho legg seg
kraftig i selen.

Fotoet er frå Johan sin debut. Frå v: Emilie Strand Blindheim, Marianne Fløttum, Johan
Fløttum Fauske, Ildri Bøe, Tonje Fiskerstrand. Like bak ser vi Pernille Ibsen Lervåg med vogn