Enorm breidde i VIL-troppa under vinterkarusellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2019
Topp og breidde hand i hand kan ein seie om VIL sin tropp i Ålesund laurdag 2.mars. Mest
breidde, men det er breidda som på sikt skaper toppar, og fleire av VIL sin løparar har gjort
enorme framsteg siste året.
Velledalen IL hadde eldste løparen i Olaf Øien som går i sitt 76 år. I andre enden av stigen
debuterte Tobias Ibsen Lervåg (9 år) og Johan Fløttum Fauske (10). Trygt i nærleiken av
mødrene sine fullførte begge fem kilometer med glans.
Elles hadde vi med løparar i alle tiårs-grupper denne laurdagen, unnateke 60-70 år. Fleire
tenåringar deltok, vi hadde vidare deltakarar i 20-30 år, 30-40 år, 40-50 år, 50-60 år og som
før nemnt 70-80 år.
Også denne gongen vart det sett eit skred av personlege rekordar. Ikkje rart at
friidrettsleiaren, som sjølv hadde sjukdomsforfall, smilte breitt dagen til ende.
Vi kjem tilbake til at Tove Marie vart beste kvinne på 5 km, at Nakken-tvillingane no har
«parkert» faren for godt, at Frode spurtslo den sterke nordmøringen Are Uran, at Jo Andre
vert farleg i Konradløpet, at Nærbutikk-Henning har fått eit løft etter han har byrje trene i
det som før var opningstid (09-10) og at kvinner i 40-åra frå Ikornnes nærast er
programmerte til nye bestetider kvar gong dei deltek, og sikkert enno meir.
Det vart ein kjekk dag i «byen» laurdag 2.mars 2019.