Du betalar – Tobias og Mikkel spring
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Feb 2019
Komande sundag vert det arrangert eit nytt «kreft-løp» i regi av Sykkylven vidaregåande skule her i Sykkylven (Sykkylven stadion). Springinga skjer i ei rundløype, og det er venta at Tobias og Mikkel vil greie kring ti rundar i deira tilmålte tid på 15 minutt. Gutane har lova å gi alt for den gode saka. Men skal det bli pengar av dette, må nokon betale for innsatsen. Gutane stiller i Velledalen IL-antrekk, og personar i laget sitt styre har lova å betale kvar av gutane 10 kroner for kvar runde dei greier. Som lesar av nettsida vår, vert du med dette beden om å støtte tiltaket. Du bestemmer sjølv summen per runde. Men held ein seg til kr 10,-per runde må ein venteleg ut med kring 200 kroner, om ein gir til begge gutane.
All støtte – stor eller lita – kan meldast til:
pernille.lervag@gmail.com
410 87 093
PS. Vi nemner at Tobias varmar opp dagen før kreftløpet med deltaking i femte løpet I Ålesund vinterkarusell.