Dette var glimrande, Johan!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2019
Fyrst ei lita korrigering.
Vi har tidlegare skrive her på nettsida at Marthe Myrseth Heimstad var raskaste
jente under Barnas Fjellsæterrunde. Det er berre delvis rett. Marthe var
raskast av dei som gjekk på tid (12 år og eldre), men raskaste jente over
mållina var Madelen Vikingsen Fauske i klassa under (10-11 år) med 18.43. Ho
representerer Fossum IL. Elles merkar sjølvsagt Velledalen IL seg at Pernille
Linga var tredje raskaste jente – flott!!
Mellom gutane kom tre
16-åringar fyrst, så kom 4.klassingen Johan. Enno ikkje passert ti år. Han
gjekk på ein måte som gav ein avdanka sportsfanatikar ein kraftig lukkerus.
Med lette og
kontrollerte skyv, Fin balanse, høg frekvens og masse energi, passerte han på ein
fin fjerde plass 600 meter før mål. Og då siste 16-åringen fekk eit uhell mot
slutten, snusa Johan på tredjeplassen. Her finst faktisk langrennstalent i Sykkylven!
Vi trur ikkje nokon kveler oss om vi skriv at Johan Fløttum Fauske brukte 15.18
på runden. Og på plassen bak kom Tobias Ibsen Lervåg.
Det burde vere mest som
eit kall for Velledalen IL
og ta desse
talenta eit steg vidare!