Velledalen IL størst i Gaurhovdrennet
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2019
Osloavdelinga slo til med
ei aldri så lita overrasking i helga. Med seks deltakarar var Velledalen IL
størst på deltaking under Gaurhovdrennet – 24 km i klassisk stil i Torpo (Buskerud).
Vi slo kjende klubbar som Lyn, Heming og Bromma på deltaking!!
Og vi gratulerer spesielt Jens Thomas Jensen,
sjølv om vi ikkje veit kven han er, med klassesiger i klasse M 61-65 år. Men vi
reknar med han er far til Nikolai Handle Jensen – hinderløparaen.
Her er VIL-resultata frå
helga:
M 21-35 år:
4. Anders Wigdahl, 1.25.08
5. Nikolai Handle Jensen, 1.27.23
M 56-60 år:
5. Sverre Jokstad, 2.09.41
M 61-65 år:
1. Jens Thomas Jensen, 2.07.47 – er med dette kvalifisert til gratis
kaffi og kake i Nærbutikken Velledalen.
K 21-35 år:
2. Anette Heimli Jokstad,
1.40.53
3. Ellen Marie Hole,
1.47.16
(Resultat henta frå: langrenn.com