Cuprenn nummer tre og Fjellsæterrunden for born

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2019

Tredje rennet i
TELENOR/Fjellsætercup i langrenn vert arrangert sundag 24.februar av Sykkylven
IL og Velledalen IL. Rennet går i fristil, og det årvisse «Barnas
Fjellsæterrunde» er lagt inn i denne tilskipinga. Som betyr at det er venta
rekorddeltaking. Kring 150 deltakarar, antydar VIL sin langrennsleiar, Svein
Arne Nakken, i Sunnmørsposten.

På grunn av at det er
venta stor deltaking, vil det vere fint om løparane er ute i god tid. Alt frå
klokka 11.45 vert det teke i mot påmeldingar. ALLE som går «Barnas
Fjellsæterrunde vert premiert, medan ein må ha minst to renn i cupen for å få
samanlagt-premien der.

Den vaksne delen av
3.rennet i den lokale langrennscupen, har start etter at barnerennet er ferdig,
om lag klokka 14.00. Også dette går i fristil.

Velledalen IL ynskjer alle
velkomne i løypene!