Vellukka veteran-treff i Kjemphol-løå
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2019
Denne gongen var det i
grove trekk tidlegare spelarar i aldersgruppa 45-82 år som var samla. Det opna
med god mat levert av Bankplassen. Seinare kom ei gedigen kake fram og
sjølvsagt kaffi.
Mimrefaktoren var høg
kvelden/natta i gjennom. Fleire stod fram med gode historier under program-kategorien
«Stand Up» og «Ordet fritt». Det vart vidare tala gode ord om Ole Bjørn
Fiskerstrand som er på veg til Molde (neppe som spelar). Han har lagt ned mykje
godt arbeid for VRF i løpet av dei drygt 40 åra han og familien har budd i
Sykkylven.
Det vart arrangert Quiz om
lokal fotball og ymse andre tema. Her var nivået skyhøgt, og berre to poeng
skilde dei fem beste laga. Vidare vart det delt ut blomar til Roger Vanebo for
lengst reiseveg til treffet, til Robert Sogge for stor innsats kring påmeldinga
til treffet og til arrangements-komiteen.
Kjemphol-løa på Eidem må
omtalast som ein særdeles eigna stad for Mimre-treff på veteran-nivå. Difor
skal ein ikkje sjå vekk frå nye «trefningar».