Vinterkarusellen: Skred av personlege rekordar
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2019
Debutantane frå sist løp - Anja Skram Eikrem, Jorunn Kvalsund Jarnes og Ildri Bøe – sprang alle tidene sine
ned. Anja var 48 sekund raskare enn sist, mykje på ein 5 km. Ildri 27 sekund og
Jorunn seks sekund betre enn sist. Denne gongen gjorde ho løpet sjølv, under
debuten gav ho Radka æra for å kome under 30 minutt. Radka hadde denne gongen frie
tøylar, og vart nest beste kvinne på 5 km. Også veteranane Svein Arne Nakken og
Olaf Einar Øien var raskare enn sist.
Henning Tandstad gjorde
ein knallbra 10 km
med tida 43.39, heile
to minutt og tolv sekund betre enn sist. Parhestane Alf Petter Bøe og Frode
Mauren var nokre små sekund seinare enn i løp tre, men begge dokumenterte solid
form. Frode uttala etter løpet at det gjekk tungt, men når ein endar opp berre
ni sekund bak personleg rekord, er dette prov på at forma er god.
Og det vart mange flotte klasse-plasseringar
som ein kan lese av resultata nedanfor:
10 km:
23-24 år:
4. Henning Tandstad 43.39
45-49 år:
2. Frode Mauren 39.08
50-54 år:
1. Alf Petter Bøe 39.05
5km:
M 75+:
2. Olaf Einar Øien 30.13
M 50-54 år:
1. Fridtjof Fredriksen
21.33
3. Svein Arne Nakken 22.50
K 45-49 år:
1. Anja Skram Eikrem 27.07
2. Jorunn Kvalsund Jarnes
28.46
K 35-39 år:
1. Radka Vosicka 23.28
K 18-19 år:
1. Ildri Bøe 28.39
Siste løpet i karusellen
går fyrste laurdag i mars, med start 15.00. Då med premieutdeling for alle med
tre løp eller meir. Der vil det bli mange sykkylvspremiar, og Frode har lova
eit heilhjarta forsøk på ny personleg rekord. Stå på!!