Les kven som spring vinterkarusell i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2019
Ein herleg tropp frå
Sykkylven i fjerde løpet av Ålesund Vinterkarusell 2019. Opplegget er det
vanlege. Valfri distanse; 5 eller 10 kilometer, med start 15.00 for alle. I alt
fem løp, der alle med tre løp eller meir vert premierte.
Velledalen IL sin tropp
spenner frå 75-åringen Olaf Einar Øien til tenåringen Ildri Bøe. Svært gledeleg
at dei fire kvinnene som debuterte sist, alle stiller på ny frisk i dag. Så eit
ekstra HURRA for Anja, Jorunn, Radka og Ildri.
Vi veit lite om forholda,
men kan hende nokre av utøvarane våre greier nye personlege rekordar. Ein som
jaktar det er Henning Tandstad. Nærbutikk-sjefen har som mål 45.00 på 10
kilometer. Hardtsatsande Frode Mauren venter vi i underkant av 40 minutt, det
same gjeld for friidrettsleiar Alf Petter Bøe.
Klokka 11.00 løps-dagen
hadde vi desse
på lista:
5 km:
Olaf
Øien, Ildri Bøe, Svein Arne Nakken, Radka Vosicka, Fridjof Fredriksen, Jorunn
Kvalsund Jarnes og Anja Skram Eikrem.
10 km:
Henning Tandstad, Alf Petter Bøe og Frode Mauren