47 påmelde til mimrefest for avdanka VRF-spelarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2019

Det vert meldt om ein upåklageleg
straum av påmeldingar. Klokka 16.00 to dagar før festen hadde 47 eks-spelarar meldt
seg på. Dei eldste over 80 år. Dei yngste Norway-cup laget som kom heim med
sølv i 1990. Karar som no er i 45 års alderen.

Dei fleste påmelde er
lokale «heltar», men det kjem også langvegsfarande, heilt frå Kongsberg
eksempelvis. Det blir nok ein gild kveld med mykje mimring, i stil med det
Johan Svindset fortalde frå ein kamp i Ørsta der heimelaget brende to
straffespark.

 -
   

 På det eine vart
det sagt at eg var så høgt oppe at eg såg ned på tverrliggaren, har
veteran-målmannen tidlegare sagt.

Reine ord for pengane, med
andre ord!

Vi presiserer at måla
hadde same høgda då som no. 244 cm