4.31.05 på Fridtjof i Marcialonga
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2019
Fridtjof Fredriksen
slukjer mil både på ski og til fots. I helga var han i Italia, der han
fullførte det 70 km lange turlangrennet Marcialonga. Og han fullførte med
glans, på tida 4.31.05.
Det heldt til 311. plass i
klasse 50-59 år. Så definitivt godkjent, i ei klasse med 1473 fullførande.
VIL-Nett har ikkje studert
resultatlista med lupe akkurat, naturleg nok sidan ingen VIL-løparar deltok.
Men vi «stutte på» namnet Markus Glad i klasse 30-39 år. På ein glimrande 99.
plass i klassa på fine 3.40.23. Markus Glad representerer Emblem IL, og var
sist sommar i Velledalen og sprang orientering. Med andre ord ein «farleg» mann
om han stiller til start i ski-o på Fjellsætra 3.mars.
Det vart norsk renn-vinnar,
då Petter Eliassen stake seg over mållina på 2.45.54. Då går det unna – i nærleiken
av 25 km per time i snittfart.