Kjenner du denne gjengen..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2019

Fet har alltid vore som
eit lite «alpin-Mekka» i Velledalen. Det var folk frå denne delen av dalen som
fyrst tok til å dyrke denne sporten. Margit Fet vart fyrste kvinne frå
Velledalen som deltok i eit bygdarenn og seinare kom trioen Ole Jostein,
Karsten og Jan Petter (alle med etternamn Fet) som var trottige på renn. Så
hadde Øyvind Fet og Gjersrud-gutane ei karriere, før borna til Inger og Einar
Fet overtok trona med både KM-titlar og fylkesmeisterskap.

Fotoet er henta frå
Spjelkavik-renna som gjekk på Fjellsætra i helga. Gutane heiter Jakob Fet
Vindenes (klasse U14), Isak Fet Vindenes (klasse U12) og Magnus Fet Vindenes
(klasse U8). Vi nemner at Magnus er berre fem år, men tok seg ned
storslalåm-løypa utan problem.

Kvinna på fotoet er mora,
som heiter Kjerstin. Når vi røper at ho i yngre år var ein dugande
fotballspelar på VRF sitt kvinnelag – den tida det var på sitt beste – reknar vi
med mange har plassert kvartetten.

Besteforeldra til gutane
bur framleis på Fet. Og dei kan vere stolte av ei bestemor og ein bestefar som
begge har teke idrettsmerket over 50 gonger. Slike besteforeldre er det
knappast nokon andre som har, faktisk! Grethe og Odd-Kåre Fet var sjølvsagt på
fjellet som tilskodarar. Jakob låg på 2.plass etter 1. omgang i KM
storslalåm, men diverre løyste skia seg ut av ukjende grunnar i den andre.
Dermed gjekk han glipp av ei flott plassering. Men dagen etter vart det 2.plass
i U14 i slalåm. Også broren, Isak, fekk 2.plass i storslalåm i klasse U 12.

Vi nemner også at Vilde
Lervåg Seim gjorde ein flott figur i klasse U10 begge dagane. Til liks med dei
tre ovanfor nemnde gutane, representerte Vilde Spjelkavik IL. Og til liks med
gutane har ho mor og besteforeldre (Annlaug og Jens Birger) frå Velledalen.
   Bernt Are og Pernille som er velkjende i
Velledalen IL, vert onkel og tante til Vilde, medan Tobias, Mikkel og Iben vert
syskjenborn.

Så sjølv om Velledalen IL
ikkje kan slå seg på brystet av sportsleg aktivitet i alpint, er det i alle
høve mogleg å finne personar som deltek, med opphav frå Velledalen.

Enn så lenge får vi glede oss over det.
 Ingen veit kva framtida kan bringe…..