Klubbmeteorolog Kjetil spår vinter ut februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2019
For 14 dagar sidan, medan
klubbmeteorolog 1 (Per-Gunnar Holmberg) var i treningsleir i Syden, tok
Klubbmeteorolog 2 (Kjetil Brunstad) seg ein tur til Stranda. Der handla han
mellom anna almanakk.
Kring 10 januar sende han
ut fylgjande langtidsvarsel:
Den næraste tida vil det
vere nokså uroleg med mykje nedbør, men det vil roe seg i siste del av januar.
Februar vert ein skikkeleg god vintermånad. Så vert det heller dårleg i mars og april
med mykje mildvêr og regn. Mai, derimot – den blir prima i vår del av landet.
PS. Då vi snakka med
klubbmeteorolog 1, måndag føremiddag den 21.januar, hadde han enno ikkje fått
seg tak i almanakk.