Idrettsgalla VIL: Pris til systrene Holmberg
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2019
2018 var eit godt
sportsleg år for Velledalen IL. Såleis var det naturleg at mange vart heidra.
Vi har tidlegare hatt saker som har omtala prisar til: Svein Arne Nakken, Kjell
Magnar Berli, Pernille Ibsen Lervåg, Radka Vosicka, Johan S. Grebstad, Elisabeth
Sjøli, Frode Mauren, Njål Torillson Tyssing, Anette Jokstad, Nikolai Handle
Jensen og Roger Malvin Hole.
I tillegg vart det gjort
stas på fylgjande personar:
Odd-Kåre Fet – 50 positive
idrettsmerkeprøver
Olaf Einar Øien – 25
Nibbeløp frå 1994-2018
Inger Riksheim - trimpostvinnar samanlagt
«Statistikk-prisen» - Nils
Terje Skylstad (trimpostane og Lars I. Sæther (Konradløpet)
«Sykkelprisen» - Espen
Strøm Grebstad
«Vil så gjerne –prisen» -
Per Inge Bjørnestad
«6 dagars prisen» - Pernille Ibsen Lervåg
«Dobbel-prisen» - Radka Vosicka
«O-løps prisen» - Mateusz Balon
«HK-Prisen» - Vegard Riksheim Tandstad
«Trenarprisen» - Monica og Knut Orre
«Skipper-prisen» - Ove Skylstad
«Friskt Mot Prisen» - Christina Holmberg
«Tenåringsprisen jenter» - Emma Holmberg
«Tenåringsprisen gutar» - Sivert og Andreas Mosby Nakken
Mange verdige prisvinnarar
her. Som ein ser fekk systrene Holmberg prisar. Emma fullførte heilmaraton
dagen før 19 års dagen sin og ho fullførte for andre gong ultraløpet Hornindal
Rundt (75 km og 5600 høgdemeter).
-
Heilmaraton var
tøft nok det, men ingen tvil om at Hornindal Rundt er vesentleg tøffare,
fortalde Emma til VIL-Nett etter at begge styrkeprøvene var avslutta med
suksess.
Christina fekk sin pris
mellom anna som arrangør av Slovakia-Konrad, i tillegg til tøffe styrkeprøver
som Hornindal Rundt og heilmaraton i samløp med systera Emma. Christina hadde ei stund VIL-rekorden på
heilmaraton, men den tok Radka hand om på Sekken (ved Molde).