Idrettsgalla VIL: Tre prisar til Oslo-avdelinga

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2019

Vi har før meldt at Roger
Malvin Hole fekk prisen for «Årets Mediestunt». Sjølv om «lukka truleg stod den
kjekke bi» denne gongen, trur vi det går lenge til neste gong ein VIL-utøvar, i
korrekt antrekk, kjem på Dagsrevyen i beste sendetid. Kanskje vil det aldri
skje igjen…..

At Njål Torillson Tyssing
fekk pris for sitt fantastiske maratonløp i Oslo (2.50.39), var heller ikkje
overraskande. Njål var heime i Sykkylven denne helga, og fekk «Maratonprisen»
under ei samkome i enkle former i Nærbutikken si kafeavdeling på laurdag.

«Hinderprisen» har aldri
tidlegare vore delt ut. Men så har vi aldri tidlegare hatt hinderløparar i
laget . Det har vi no. Til og med særdeles gode utøvarar. «Hinderprisen» for
2018 vart delt mellom Anette Jokstad og Nikolai Handle Jensen. Ein litt orginal
pris, ettersom det no står 500 kroner i paret sitt namn på konto i Nærbutikken
i Velledalen. Til fri disposisjon når dei kjem til Velledalen i sommar for å kaste
glans over «Idrettsdagane i Velledalen».