Idrettsgalla: Svein Arne Nakken ny æresmedlem
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2019
Svein Arne Nakken fekk sitt fyrste møte med Velledalen IL som skiløpar for langt over 40 år sidan. Det vart både gode og dårlege opplevingar i guteåra, men Svein let seg aldri knekkje. Som elev ved lærarskulen på Elverum i vaksen alder fekk skisporten ei oppblomstring. Den var så sterk at han i dag står med elleve fullførte Vasalopp (90 km) i Sverige, og 24 fullførte Birkebeinerrenn. I 19 av desse har han greitt merkekravet.
Svein har elles lang fartstid som leiar av langrennsgruppa i VIL, nærare to tiår. Noko som inneber at han har vore sentral i renn som Telenor/FjellsæterCup, Fjellsæterrunden og Barnas Fjellsæterrunde. Han har elles vore føregangsmann for rydding av kratt i skitrasèar, brubyggjing og arbeidet med lysløype og skitraséar generelt.
Siste åra har Svein vorte heilårsidrettsmann. Han har trottig delteke i motbakkeløp både i Geiranger, Valldal og Stryn. Eller i flatare løp som Jordbærdilten og karuselløp i Ålesund både vinter og sommar. Han har også reist til Oslo og fullført halvmaraton med glans.
Gyls-Svein har vore mellom primus motorane bak Tomasløpet i Straumgjerde og Ramstaddalsløpet bygda rundt. Og han er plikttru på plass alle stader Velledalen IL har arrangement.
Svein Arne Nakken er den fyrste frå Tandstad krins som vert æresmedlem i Velledalen IL
Rangert etter alder har Velledalen IL no desse æresmedlemane:
Magnar Fet
Paul Hole
Johan S. Grebstad
Bjørg Frøystad Hole
Atle Hole
Nils Terje Skylstad
Svein Arne Nakken