Stilige karar sprang vinterkarusell i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2019
For om lag eit halvt år
sidan «kjøpte» Velledalen IL
Frode
Mauren frå Vegsund Racing. Prisen veit vi lite om, då det var kasserar i VIL,
Henning Tandstad, som ordna saka. Men vi har mistanke om at det i all hovudsak
dreier seg om billeg kaffi og sjokolade, pluss ein god prat på «bakrommet» i
Nærbutikken i Velledalen.
Men Frode har vorte ein
knallsuksess i Velledalen IL. Han set nye personlege rekordar nær sagt heile
tida. Det er ikkje mange vekene sidan han sprang under 40 minutt på 10 km for
fyrste gong. I dag stoppa klokka på 38.57, etter eit sterkt parløp med Alf
Petter Bøe. Ny personleg bestetid over kontrollmålt 10 km med 27 sekund.
Jonny Mauren debuterte i
vinterkarusellen i dag. Distansen var 5 km. I klasse 10-11 år. Og han skryte av
at han slo faren med tre sekund. Tida vart 38.54. Akkurat ein høveleg start. Ei
tid å rette på i komande løp. Å bli klassevinnar i debuten betyr at «vekeløna»
skal doblast denne veka.
Resultat:
5 km, M 10-11 år:
1. Jonny Mauren,
Velledalen IL, 38 54
10 km, M 45-49 år (dei
beste):
1. Gunnar Karl Emblem,
Hakallestranda K-lag, 38.08
2. Are Uran, Havørn, 38.56
3. Frode Mauren, Velledalen IL, 38.57 (ny pers)
3. Alf petter Bøe, Rindal
IL, 38.57 (årsbeste)
5 Joachim Olsvik, ÅOCK,
38.59
Det vert meldt frå
påliteleg hald at dei to stilige karane på fotoet – saman med resten av
familien Mauren - i 2019 har betalt familiekontingent i Velledalen IL.
Det kjem meir stoff frå
Ålesund i løpet av kvelden. Der vi kan melde om sterkt comback av Jo Andre
Tandstad, stadig kvassare Nakken-tvillingar og eit «kvinneslepp» av dimensjonar
frå Sykkylven.