Takk Kjellaug Ulset, takk!
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2019
Bilde frå Kondis .no
Hole har mist to av
veteranane sine i løpet av det siste halve året. Oddmund Skylstad døydde i
august 2018, medan Kjellaug Ulset sovna inn 3.januar 2019. Kjellaug var ved
bortgangen den eldste heimebuande kvinna på Hole.
Både Oddmund og Kjellaug
kan stå som rollemodellar for ein god alderdom. Begge med aktivt friluftsliv som
eit viktig middel for å nå målet. Fellesnemnar nummer ein for dei to var
trimposten i Holemarka. Men også låg-terskel idrettsaktivitet som Fetvatnet
Rundt og Konradløpet stod på sakskartet.
Som 89-åring hadde
Kjellaug 100 turar til trimposten i Holemarka. Som 90-åring trappa ho ned til
67 turar. 10. oktober 2018 skifta Nils Terje Skylstad bok på posten, noko som
markerte ny sesong. Frå 10. oktober til 2. desember – som var Kjellaug sin
siste tur – hadde ho 15 noteringar i boka. Opplegget til sesongen i hennar 91.
leveår var med andre ord
formidabelt.
Posten i Holemarka ligg
ved brua der vegen kryssar elva. Vatnet Kjellaug såg renne forbi der, hadde
også passert Myrdalsstølen. Tumleplass for mange i hennar ungdom- og unge
vaksentid. Såleis var det naturleg at minner frå denne tida leika lett i hugen
når ho stirra ned i elva, eller løfta blikket opp mot stølen. Minne frå ei tid
som var……og minne som var totalt annleis enn dei ho opplevde no.
Kjellaug gjekk i sitt
75.år då det fyrste Konradløpet vart arrangert med start 05.00 på Brunstad. Ikkje
overraskande var ho på plass, og har
vore
det kvart einaste år etter. I 2018 deltok ho for 17.gong av 17 moglege. Og for
fyrste gong kunne ei kvinne over 90 år krysse mållina. Kjellaug gjorde det utan
problem. Ein spasertur på 4,5 km lesste ho lite. Fleire vil truleg fylgje i
spora hennar. Men det som vil stå seg for ALLTID, er: Kjellaug Petrine Ulset
var fyrste kvinne over 90 år som fullførte Konradløpet. Den prestasjonen kan
ingen ta frå ho.
Det ein øver mykje på,
vert ein god i. Kjellaug sykla mykje. For henne var sykkelen både framkomstmiddel
og eit reiskap for mosjon. Då Fetvatnet Rundt var på sitt argaste starta over
200 syklistar i fellestart. På ein trong grusveg nede på Fet. Kjellaug var der
òg, truleg som den eldste. Trass solid alder, manøvrerte ho problemfritt i
feltet. Jau, sykle kunne ho!
Etter Odd Kvammen sin film
om Konrad Brunstad vart lansert i Velledalen, har ei bylgje av Konrad sine
tankar slege rot mellom dei eldre. Det aktive livet er slett ikkje over om ein
fyller 70, berre helsa er noko lunde på stell. I 2018 samla Konradløpet sju
deltakarar over 80 år. Seks av dei frå Velledalen! Kjellaug levde langt på veg
etter Konrad sine prinsipp, og etterkomarane hennar skal ha ros for at dei let
ho gjere det. Livskvalitet livet ut, kan stå som kortversjonen av Kjellaug sitt
liv. E
i kvinne vi trygt kan ha
som rollemodell for ein positiv alderdom.
Atle Jomar Hole