Vinterkarusell i Ålesund laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2019

Dagen før Idrettsgallaen
skal mange av løparane våre i aksjon i Ålesund. Tredje løpet i
vinterkarusellen, med valfri distanse fem eller ti kilometer. Enno er det litt
tidleg å seie kven av våre som vert med, men vi kan slå fast at Torild Hole var
raskast ute med påmeldinga av VIL-løparane. Ho spring 5 km.

   Eit av dei store spenningsmomenta med
løpet, er om forholda vert gode nok til at Frode Mauren kan slå til med sin
tredje strake personlege rekord på 10 km. Forma verkar vere god nok.

Vi veit at kasserar Henning
Tandstad drøymer om 15 lokale utøvarar. Om draumen vert røyndom står att å sjå.
Klokka 15.00, komande laurdag, veit alle svaret.