Greidde målet sitt med glans
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2018
Det er ikkje fælt vanleg at ungdom i 14-15 års alderen spring
halvmaraton i konkurransar. I fjor gjorde Sivert Mosby Nakken dette som
14-åringen, som den yngste vi veit om i Velledalen IL. Han kom inn på i
overkant av to timar og 26 minutt. Ikkje uventa fekk han det tøft mot slutten.
I år, på årets nest siste dag, var han på plass igjen.
Denne gongen saman med tvillingbroren Andreas. Då
VIL-Nett snakka med gutane før start, var målet klokkeklart og identisk:
-
Vi håper og trur
vi skal kunne krysse mållina på under to timar.
Så var løpet i gang.
Opphaldsver og 2-3 varmegrader. Vekslande føre på vegen innover mot Brusdalen.
Somme stader glatt, andre stader ikkje. Støtteapparatet var på plass og alt
gjekk etter planen. Andreas hadde grei kontroll, noko tida 1.57.20 viser. Det
heldt til flott 4.plass i klassa, mindre enn minuttet bak 2.plassen. Sivert fekk det litt tyngre heilt mot
slutten. Men med god hjelp av ein entusiastisk far spurta han inn til 1.59.49.
Elleve sekund (!) under det STORE MÅLET for dagen, og kring 27 minutt betre enn
i 2017. Heilt sikkert ei herleg kjensle for begge gutane – og for
støtteapparatet!
Gratulerer Sivert og
Andreas!
Her lokalt heiter det noko
så enkelt som: FRAMIFRÅ – i England: WELL DONE, LADS!