Nyttårsmaraton i Ålesund – sterk VIL-tropp
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2018
Nøyaktig døgnet før
maratonløparane legg i veg, står 106 namn på arrangøren sine lister. Knappe 20
på maraton med start 10.00, medan nærare 90 står på lista for halvmaraton. I
denne siste gruppa finn vi ein flott tropp frå Velledalen IL. Nemleg Alf Petter
Bøe, Sivert Mosby Nakken, Andreas Mosby Nakken, Frode Mauren og Anders Wigdahl.
For ordens skuld tek vi
med alle sykkylvingane som hadde meldt seg på før klokka 10.00 dagen før løpet:
34 Fridtjof Fredriksen,
Sykkylven IL, (50-54 år)
44 Alf Petter Bøe, Rindal
IL (50-54 år)
57 Sivert Mosby Nakken,
Velledalen IL (14-15 år)
58 Andreas Mosby Nakken,
Velledalen IL (14-15 år)
63 Frode Mauren,
Velledalen IL (45-49 år)
83 Frode Hoprekstad,
Sykkylven IL, (50-54 år)
88 Anders Wigdahl,
Velledalen IL/Team Milsluker`n (23-34 år)
Alle desse spring
halvmaraton med start 12.00 frå Moa.
Alf Petter Bøe er mellom
vinnarkandidatane i ei av dei store klassene, M 50-54. Trioen Bøe, Mauren og Wigdahl
er alle kapable til tider under 1.30 under bra forhold. Andreas M Nakken er debutant,
medan Sivert debuterte i fjor og er ute etter ny personleg bestetid denne
gongen. Det trur vi han greier med god margin.