92 gjekk romjulsmarsj i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2018
Gode forhold under årets romjulsmarsj. Litt småregn inn i mellom, men
godt feste heile vegen.
Etter 79
deltakarar i 2016 og 80 i 2017, spratt talet opp til 92 i 2018.
-
Det er vi nøgde
med. Under jubileumsmarsjen neste jul bør 100 deltakarar vere eit naturleg mål,
seier trimgruppeleiar Torje Bjørneseth.
Trimgruppa hadde som
vanleg fin servering og god kaffi klar til dei frammøtte. Og praten gjekk svært
så livleg i grendahuset sin kjøkkensal.