VIL feirar rekord med kake fredag 21.desember
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2018
arkivfoto
Velledalen IL kom med i
ordninga om grasrotkroner i 2009. Sidan den gong har laget motteke kring 207 000
kroner frå Norsk Tipping. Eller rettare sagt frå sympatisørane våre, kalla
grasrotspelarar.
Så når det vert spandert
kake i kafeavdelinga i Nærbutikken i Velledalen fredag 21. desember, så er det
eigentleg ikkje Velledalen IL som spanderer, men grasrotspelarane våre. Akkurat
no 84 i talet.
Og det spesielle med året
2018 er at laget set ny årsrekord i innkome på ordninga. Den førre skriv seg
frå 2012, og lyder på 26 762 kroner. Per 15.desember har VIL 26 581 kroner
på grasrotkontoen for 2018. Rekorden vil truleg vere eit faktum onsdag 19.
desember.
Til samanlikning nemner vi
at talet på grasrotkroner i 2017 var i underkant av 19 000 kroner. Når
året er omme ein auke på kring 45%.