Inger Riksheim åleine på trimtrona
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Des 2018
arkivfoto
Før årets sesong stod
Synnøve Kristoffersen og Inger Riksheim begge som trimpostvinnarar samanlagt
seks gonger. Arnhild Linga stod med fire. Sidan Inger dette året tok sin sjette
strake triumf, er ho no åleine på trimtrona i Velledalen IL.
Frå oktober 2017 til
oktober 2018 har Inger vore innom desse postane:
520 turar Bruna
2 turar Koppen
Som betyr at Inger i snitt
går ein og ein halv tur for dag året rundt. Med 522 turar og 3660 poeng løfta
ho nivået frå 2017 då ho hadde 485 turar og 3414 poeng.
Statistikken syner at Inger har vunne desse åra:
2010: 3978 poeng
2013: 3208 poeng
2014: 3018 poeng
2015: 4022 poeng
2016: 3485 poeng
2017: 3414 poeng
2018: 3660 poeng
Sitt sterkaste år hadde
Inger i 2011 då ho vart nummer to bak Vigdis Fure. Det året gjekk ho inn kring
4200 poeng.
Topp-10 samanlagt for VIL sin 14 trimpostar oktober
2017 – oktober 2018:
1. Inger Riksheim 3660 poeng
– 522 turar
2. Solveig Olsen 2535
poeng – 362 turar
3. Ivar Flo 2100 poeng - 300 turar
4. Jan Kåre Oterhals 1904
poeng – 272 turar
5. Ingrid Brudevoll 1782
poeng – 307 turar
6. Ingunn Hole Hunnes 1715
poeng – 245 turar
7. Kjell Olsen 1676 poeng - 239 turar
8. Nils Terje Skylstad
1565 poeng – 228 turar
9. May Britt Østro 1540
poeng – 220 turar
10. Grethe Fet 1506 poeng – 384 turar
Like ved: Elling Hole 1490 poeng