2.løp i vinterkarusellen går 8.desember
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2018
Ålesund vinterkarusell har
to distansar. Valfritt fem eller ti kilometer. Sist var Frode Mauren (45-49)
åleine om å springe ti kilometer av våre.
8. desember får han truleg selskap av Alf Petter Bøe (50-54) på distansen.
Friidrettsleiaren melder
at han håper fleire debutantar frå Sykkylven kastar seg med på fem kilometer
denne gongen. Her plar nivået vere overkomeleg. Spesielt håper han at nokre av
bygda sine kvinner stiller denne gongen.
Begge distansane har start
klokka 15.00. Ein melder seg på til: «Ålesundslopene.no», eller ein kan melde
frå til friidrettsleiaren (Alf Petter Bøe tlf 901 62 279).
Greier vi tosifra
deltaking….?
I skrivande stund er ingen sykkylvingar påmelde