Trimpostgeneralen nummer åtte
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Nov 2018
Nils Terje Skylstad har administrert Velledalen IL sitt
trimpost-opplegg i fleire tiår. Medrekna all statistikk-føringa eit særdeles
omfattande arbeid. Nils er såleis ein god mann for VIL – mangfoldige tusenvis
av kroner med gratisarbeid kvart einaste år til beste for fellesskapet. Slike
gutar kan vi like!
Nils er sjølv ein ivrig
fjellmann/turgåar. Sjølv om han er trygt oppe i 60-åra, heldt han kroppen
ungdomleg og slank. Sjå denne imponerande lista – av ein mann i 100 prosent jobb:
150 turar Holemarka 24 turar Holetindane 21 turar Myrdalsfjellet 10 turar Brunstadkølen 10 turar Brunstadsætra 4 turar Vellesætra 2 turar Regndalen 2 turar Skogsvegen Hjorthol 1 tur Koppen 1 tur Høgsætra 1 tur Riksheimdalen 1 tur Skogsvegen Fet 1 tur Skogsvegen Drabløs
Nils har med dette sletta
påstanden frå ein anna Hole-mann som i fleire år hardnakka har hevda:
-
Det er komplett
uråd å kome inn på topp-10 lista og samstundes vere i fullt arbeid!
8. Nils Terje Skylstad 1565 poeng – 228 turar
9. May Britt Østro 1540 poeng – 220 turar
10. Grethe Fet 1505 poeng – 384 turar
Like ved: Elling Hole 1490 poeng