Ni utøvarar frå VIL sprang vinterkarusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2018
Det vert meldt om stort sett gode forhold i Ålesund. Snøfritt, ti plussgrader og litt motvind lyder rapportane. 64 løparar starta, halvparten på kvar distanse (5 og 10 km). Diverre fekk arrangøren problem med den elektroniske tidtakinga, men resultat er i alle fall kome ut på Kondis sine organ. Frode Mauren var vår einaste deltakar på ti kilometer, og Frode imponerte. Ny personleg bestetid og for fyrste gong under 40 minutt på mila (39.57) Gratulerer! Totalt vart Frode nummer åtte av dei 32 som sprang ti kilometer.
Tre beste på ti kilometer:
1. Martin Ødegård 36.10
2. Einar Orten Trovåg 36.53
3. Are Uran 37.20
Tre beste på fem kilometer:
1. Andreas Vangsnes 15.57 (løyperekord)
2. Kjell Magnar Berli 17.25 – flott 2.plass på 30 års dagen
3. Martin Hauge-Nilsen 17.26
Tider på resten av VIL sine løparar med plassering i herreklassa bak
18.25: Espen Strøm Grebstad – nr. 7
19.47: Vegard Tandstad – nr. 11
20.54: Andreas Mosby Nakken – nr.12 og ny bestetid
21.20: Henning Tandstad – nr. 13
21.35: Fritjof Fredriksen – nr. 14
21.50: Svein Arne Nakken – nr. 15
22.50: Sivert Mosby Nakken – nr. 17
29.36: Olaf Einar Øien – nr. 21
Glimrande innsats av alle, og neste gong håper vi nokre damer frå Sykkylven også kan stille!